I år er det 50 år sida Tjørvåg IL blei stifta. Dei to lokale initiativtakarane Reidar Bigset og Olav Tjervaag gjekk saman for å skape eit idrettsmiljø og lokalt engasjement, og den 22. mars 1974 var Tjørvåg Idrettslag stifta.
Det har vore 50 år med gode (og mindre gode) prestasjonar, latter, frustrasjon, gråt, vennskap, helsefremmande aktivitetar, dugnadsånd frå bygda, lokale heltar og eldsjela, og kanskje viktigast av alt - samhald og idrettsglede for barn, unge, vaksne, og godt vaksne. Tjørvåg IL har i disse 50 åra vore eit samlingspunkt i bygda, og ein plass kor barn og vaksne kan bli kjent, enten det er gjennom prat over ein kaffi på fotballkamp, eller på treningar.
Tusen takk til alle som har vore med på reisa så langt. Alle medlemmar, støttemedlemmar, tidlegare medlemmar, spelarar, trimmarar, dei som nyttar seg av tilbod frå fjelltrim, dei som alltid møta opp på dugnad og står på, dei som berre møte opp av og til, foreldre, publikum, frivillige, og ikkje minst eldsjelene i og rundt klubben som jobbar på for at hjula skal gå rundt. Vi er spent og gleda oss til framtida.
I høve 50-årsjubileumet blir det ei feiring kor vi ynskjer å gjere stas på dei som har ei tilknyting til klubben, for å takke for innsatsen så langt. Vi skal og mimre og feire 50 år (eller 51 år) som har gått sidan oppstarten i 1974 den 22. mars 2025. Vi vil legge opp til aktivitet på dagtid for dei minste, og ein fest på kvelden for dei vaksne. Sett av datoen! Meir informasjon kjem. Takk for støtta! så langt.
Ynskjer alle ei riktig God Jul og eit Godt Nytt År!
Helsing, Styret - Tjørvåg IL
Comments