Årets sommaraktivitet får du trimma både hovudet og kroppen 😊.
Postane heng langs med vegen.
Vi har hengt opp 9 rebusar over Skaret. (Skaravegen/Sandvikskaret/Sandvika (Tjørvåg)) I tillegg til å løyse rebusar kan du ta deg ei treningsøkt på postane. Fin familie aktivitet eller du går åleine.
Du startar i Sandvika eller ved Skarvegen ved Coop Tjørvåg. Sjå kart.
Løypa er 1,3 km ein veg og du må gå heile løypa for å ta alle postane. Ta med penn og papir å noter på.
Har du lyst å bli med på trekking av premiar?
Finn svar på dei 9 rebusane.
Ta bilde ved ein av postane og skriv i boka på Sandvikskaret (valfritt i koronatider)
Send svar på rebusane (nr og svar), bilde, dato, namn og alder på dei som deltek. Mobilnr om du/de skulle vinne.
Epost: trim@tjorvagil.com mrk Sommarrebus
(Alternativ kan svar leverast i TIL si kasse ved Kiwi men då må du skrive deg i boka på Sandvikskaret).
Hovudpremien er ei Hengekøy verdi 500,- sponsa av Hengegøy. Premiar blir trekt blant dei som har rett svar og sendt bilde/skrive i boka.
Du finn også info på «Til Topps med Tjørvåg IL-Trimgruppa». Del gjerne bilde frå turen her.
Comments