top of page

ALLMØTE - TJØRVÅG IL, for aktive, medlemmar og dei som har eit hjerte for idrettslaget.

  • Elin Hundsnes
  • 24. apr. 2023
  • 1 min lesing

Tjørvåg IL står utan leiar etter at Åsmund Eide ikkje tok gjenval på årsmøtet 22.03.

Det vert dermed kalla inn til allmøte 26.04 kl 18:00 på Stokksund skule for å sjå på kva som er alternativa vidare for Tjørvåg IL. Lete det seg ikkje gjere å finne ein leiar kan ikkje idrettslaget drivere vidare.

Styret håper at aktive, medlemmar og andre ser alvoret i det idrettslaget no står i og møter opp på allmøtet for å sjå om vi finn ei løysing.

Info sendt ut til alle medlemmar.

Til alle medlemmar og aktive.

Onsdag 26.04 kl. 1800 vert det Allmøte i Tjørvåg IL på Stokksund Skule.

Det er pliktig oppmøte for min. ein foresatt pr aktiv i Tjørvåg IL, trenarar, lagleiarar, aktive og verv, Fotball og Trim.

AGENDA: Ny leiar i Tjørvåg IL.

Bakgrunn: Årsmøtet i Tjørvåg IL 22.03 klarte ikkje å finne ny leiar i Tjørvåg IL.

Utan leiar har ikkje Tjørvåg IL lov å drive idrettslag.

Styret vil presentere status og alternativa framover.

Påmelding vil kome på Spondgruppene.

Vel møtt!

Mvh

Styret

Comentarios


bottom of page